Europris Vårcup 2018

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Europris Vårcup 2018 var ei fotballturnering for jenter og gutar 8-12 år på EHbanen ved Evje stadion laurdag 5. mai 2017. Arrangør var Otra IL fotball. Turneringsleiar var Hilde Bjorå. Otra IL fotball hadde hjelp frå ein stor dugnadsgjeng på rundt 70 personar for å få gjennomført arrangementet.

67 lag frå Valle i nord, Kristiansand i sør, Eiken i vest og Øyestad i aust deltok. Det blei spelt 123 kampar frå klokka 9 til klokka 16.20. Rundt 500 spelarar var med. Eit overslag kan tilseie at om lag 1000 menneskje var innom Evje stadion denne dagen.

Det var sjuande året og åttande gongen fotballgruppa i Otra IL arrangerte turneringa, som starta som ei lita miniturnering i 2012.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Leiar i fotballgruppa i Otra IL Geir Daasvatn
  • Kampoppsettet for turneringa

Eksterne lenker[rediger]