Miniturnering 2014

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
To karar frå Otra IL og Eiken kjempar om ballen under cupen.

Miniturnering 2014 var ei fotballturnering med 5er fotball for jenter og gutar 8-10 år på EHbanen ved Evje stadion lørdag 26. april 2014. Arrangør var Otra IL fotballgruppa. Pål Danielsen var turneringsleiar.

I alt 42 lag var med. Elleve lag var frå Otra IL. I tillegg kom det lag frå Øvrebø, Eiken, Bygland, Valle, Vindbjart, Froland, Randesund, Hånes, Fløy og Torridal. Det blei spelt totalt 84 kampar frå klokka 10:30 til klokka 15:45. Rundt 300 born deltok i turneringa. Det var dobbelt så mange som i 2013. Det var fjerde gongen cupen vart arrangert.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Leiar i fotballgruppa i Otra IL Geir Daasvatn
  • Kampoppsettet for turneringa

Eksterne lenker[rediger]