Europris Vårcup 2016

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det var eit yrande folkeliv på Evje stadion under Vårcupen 2016.
Turneringsleiar Pål Danielsen 15. april 2016.
Foto: Geir Daasvatn

Europris Vårcup 2016 var ei fotballturnering for jenter og gutar 8-12 år på EHbanen ved Evje stadion lørdag 16. april 2016. Arrangør var Otra IL fotball. Turneringsleiar var Pål Danielsen. Han hadde hjelp frå ein stor dugnadsgjeng på opp mot 100 personar for å få gjennomført arrangementet.

110 lag frå Valle i nord, Eiken/Grindheim i vest og Fevik i aust deltok. Det blei spelt 169 kampar frå klokka 0900 til klokka 1920. 902 spelarar var med. Det var meir enn 200 fleire enn i 2015, då 698 born spelte. Eit overslag er at omlag 2000 menneskje var innom Evje stadion denne dagen.

Det var femte året og sjette gongen fotballgruppa i Otra IL arrangerte turneringa, som starta som ei lita miniturnering i 2012.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Leiar i fotballgruppa i Otra IL Geir Daasvatn
  • Kampoppsettet for turneringa

Eksterne lenker[rediger]