Torleiv Frøysaa

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torleiv Frøysaa
Født: 23. januar 1867
Død: 11. februar 1949 (82 år)

Torleiv Frøysaa (1867 - 1949) var felemakar og spelemann frå Hornnes.

Han tok utdanning som lærar og busette seg på Gjøvik der han budde storparten av livet. Men i 1927 slutta han som lærar og flytta tilbake til Hornnes. Der omkom han i ein brann.

Torleiv Frøysaa var av gamal spelemannsætt, og både faren, bestefaren og fleire av brørne hans var spelemenn, med røter frå Frøyså i Iveland. Som ung lærde han både Frøysaa-spel og spel frå Frøyrak, særleg av Pål O. Frøyrak. Sidan reiste han rundt om i landet og lærde spel av mange kjende spelemenn, som Wilhelm Sorteberg, Gunnulf Borgen, Torkjell Haugerud, Arne Bjørndal, Haldor Meland, Sjur Helgeland, Truls Ørpen og andre. Han deltok på kappleikar og gjorde det godt. Han spelte også orgel.

Omkring 1900 fekk han interesse for felebygging. Etter å ha drive litt for seg sjølv, var han ei tid hjå A. C. Kleven i Oslo og ei tid hjå Gunnar Røstad, som han rekna for viktigaste læremeisteren sin. Han bygde om og reparerte ein god del fiolinar, men av nybygging vart det berre hardingfeler. Truleg bygde han ein ein del over 100 til saman, mange av dei med svært høg kvalitet.

Kjelder[rediger]