Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad er ein slått etter Tarkjell Aslakson Austad (1802–75) som er sett i samband med den siste avrettinga i Setesdal. Den skjedde på Sordal i 1798. Vanlegvis tenkjer ein på Sordølen som ein slått laga til minne om denne hendinga, men felespelaren og fotografen Knut Jonson Heddi (1857-1938) meinte at denne slåtten var «den rette Sordølen» ettersom melodien her høvde til eit gammalt slåttestev om hendinga.

Innspelingar

Kjelde

  • Tekstheftet til Munnharpe side 4