Tarald Bjørgulvson Langeid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tarald Bjørgulvson Langeid
Født: 3. mai 1838
Død: 24. november 1919 (81 år)

Tarald Bjørgulvson Langeid, óg kalla Tarald Krokå, (3. mai 1838–24. november 1919) [1], fødd og busett på KrokåNedre Langeid. Han var ordførar i Bygland i åra 1887–1889, og varaordførar største delen av tida då Lars Knutson Liestøl var på Stortinget (1889–1902). Bygdesogeskrivarane gjev Tarald eit godt ettermæle, i bygdesoga frå 1939 omtalas han som ein stillfarande, varsam og klok mann som tok arbeidet i kommunen med alvor og uthaldanhet[2], og i gards- og ættesoga (1952) som «...ein sers høgvyrd mann, som vart nytta i mest alle dei kommunale ombod som fanst»[3].

15. april 1856 vigde han Margit Tarjeisdotter Straume (26. desember 1837–1888)[4], saman fekk dei borna Bjørgulv, Tarjei, Gyro d.e., Birgit, Sven, Gyro d.y., Knut og Margit. Det eldste bornet, ei jente, var dødfødd. Margit døydde på barselseng joledagen 1880, og den nyfødde dottera dagen etter. Margit hadde odel på Sygard Straume i Hylestad etter faren som døydde berre 37 år gamal, og Tarjei (den nest eldste sonen) tok over garden føre 1888[5]. Eldstesonen, Bjørgulv (1858–1948), fekk heimel på Krokå i 1908 etter å ha drive den saman med faren i meir enn 20 år.

Ordførar og andre verv[rediger]

I Tarald B. Langeid si tid som ordførar vart fleire større ting handsama av kommunestyret. Mellom anna vert det vedteke at ein skulle få eit overslag over kva det ville kosta å leggje om vegen i Fånekleiva, ein hundeskatt på fem kroner året og ein søknad om å få postopneri på Ose vert sendt inn.

I 1891 sende han og tre andre frå Austad sokn (Tallak E. Hegland, T.K. Austad og Halvor Austad) ein søknad til Indredepartementet om å dele kommunen slik at deira sokn skulle bli ein eigen kommune. Bygland tilrådde ikkje søknaden, og den førte ikkje fram. Fram til Austad og dei andre sokna i Bygland fikk sine eigne forlikskommisjoner i 1895 var Tarald Langeid åstadforlikskommisær for heile prestegjeldet. Frå 1895 til 1904 var han kommisær i Austad sokn sin forlikskommisjon saman med Tarkjel K. Austad. Som lagrettemann var han ofte skjøns- og takstmann.

Kjelder[rediger]


Forgjenger:
 Olav G. Aakhus 
Ordførar i Bygland
(1887–1889)
Etterfølger:
 Lars K. Liestøl