Sigurd Wiberg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sigurd WibergSymbol unrelated.svg
Født: 23. desember 1968 (50 år)

Sigurd Wiberg (fødd 23. desember 1968) er prosjektleiar i Statens vegvesen. Han er oppvaksen i Evje, men bur i dag i Valhall i Hornnes saman med kona Randi Wiberg. Dei har borna Margit Wiberg og Åsmund Wiberg. Foreldra er Synnøve Wiberg og Ingolf Wiberg.

Sigurd har vore, og er framleis, ein god idrettsutøvar i Otra IL. Han har også vore trenar i ei årrekkje i orienteringsgruppa, skigruppa og fotballgruppa. Han har særskilt vore ei drivkraft i orienteringsgruppa, der han var leiar i perioden 1997-2002 og på nytt i åra 2007-2013. Han var materialforvaltar i gruppa i 2003-2004 og styremedlem i 1988-1990, 1993 og 1996. Han var leiar i hovudkomitèen for Sørlandsgaloppen 2014.

Heider[rediger]

Kjelder[rediger]