Når det gjelder arrangement i Setesdalswikis kalender: sjekk med arrangøren før du reiser – mange arrangement avlyses dessverre pga corona.
Dette har vi ikke mulighet til å følge godt nok opp.

Åsmund Wiberg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Åsmund WibergSymbol unrelated.svg
Født: 18. april 1999 (20 år)

Åsmund Wiberg (fødd 18. april 1999) frå Hornnes er elev på Hovden skigymnas og langrennsløpar i Otra IL. Han er også ein ivrig orienteringsløpar, og har spelt fotball i Otra IL heile oppveksten. Han er son av Sigurd Wiberg og Randi Wiberg, og bror til skiløparen Margit Wiberg.

I Norgescuprenn i langrenn i Steinkjer i januar 2016 hevda han seg godt i M-17 klassen. Han blei nr. 5 i 10 km klassisk, nr. 21 i sprint og nr. 13 i 7,5 km fristil. 5. plassen i 10 km klassisk var den beste plasseringa ein Otra-løpar hadde oppnådd til då i Norgescupen.

Resultat[rediger]

  • 2019 - Vinnar av turrennet Høvringen i Høgås skianlegg i Evje
  • 2017 - Bronse på 10 km langrenn, klassisk stil, i junior-NM i Harstad (M-18)
  • 2017 - Vinnar av turrennet Høvringen i Høgås skianlegg i Evje
  • 2016 - Nr. 5 i 10 km klassisk langrenn, Norgescupen Steinkjer, M-17
  • 2016 - Krinsmeister i langrenn, klassisk stil, M-17, Høgås skianlegg, Evje

Kjelder[rediger]