Hornnes Sanitetslag

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornnes Sanitetslag er medlem i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Hornnes Sanitetslag var ei lokalforeining i Norske Kvinners Sanitetforening i tidsromet 1917-2015. Frå 2015 er foreininga gått saman med Evje Sanitetsforening i Evje og Hornnes Sanitetsforening.

Styre

Styre i 2007

Historie

Hornnes Sanitetslag vart offisielt skipa under eit møte 25. mars 1917 i Bedehuset i Hornnes. Men historia til foreininga går tilbake til september 1899, då Evje og Hornnes sygepleierforening blei stifta under eit møte i Dåsnes. Føremålet til Sygepleierforeningen skulle vere å hjelpe sjuke og lidande. Til dette føremålet ville foreininga lære opp og tilsette ein sjukepassar, som skulle bu i Evje eller Hornnes.

I 1917 skilde Evje og Hornnes lag. Hornnes Sanitetslag vart ei eiga foreining, og skulle få sin eigen sjukepassar. Det første styret i laget var Asborg J. Hornnes, Birgit Risdal, fru Smith, Anna Fennefoss, Kari Kjetså, Gunnar Greibrokk og Jens Birkeland.

Det synte seg vanskeleg å få tilsett den første sjukepassaren. Mari Jortveit tilbaud seg då å utdanne seg til sjukepleiar. Sjukepassarforeininga skulle koste opplæringa, mot at ho bandt seg til å vere sjukepleiar i bygda i fem år. Etter at utdanninga var ferdig, heldt Jortveit fram i stillinga til 1925.

På andre halvdel av 1930-talet dreiv Sanitetslaget faste badedagar på Hornnes landsgymnas, og i 1939 vedtok laget å yte 350 kroner pr. år for dei to første åra til tannbehandling av skuleborn. Under 2. verdskrigen var det utdeling av tran til skuleborn og klede som kom frå svensk Røde Kors.

I 1946 byrja Sanitetslaget med kontrollstasjon for mor og barn. Same året, og seinare på jubileumsfesten i 1947, tok laget opp spørsmålet om bygging av gamleheim i Hornnes. Enden på visa vart at laget Hornnes kommune skulle ta på seg byggearbeidet, men Saniteten gav 20.000 kroner til heimen og samla inn endå 7.000 kroner ved basarer og anna.

Mange av dei fine tiltaka Sanitetslaget starta opp med, overtok staten og kommunen etterkvart som økonomien i samfunnet vart betre. Men laget fant alltid nye oppgåver å engasjere seg i. Dei støtta fotpleie for alle over 70 år, har kjøpt alarmtelefonar til eldre, støtta 4H, hornmusikken og diverse sangkor, Heile bygda mot narkotika, blomar til alle over 80 år til jul og mykje meir.

Sanitetslaget kjem nok aldri til å bli utan arbeid.

Sjå også


Kjelder

Eksterne lenker