Tovdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Garden Ytre Ramse sør i Tovdal 4. mars 2017.
Tovdalselva ved Austenå.
Foto: Geir Daasvatn
Øvre Ramse 4. mars 2017.
Foto: Geir Daasvatn
Dale øvst i Tovdal 4. mars 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Tovdal er eit dalføre mellom Skjeggedal i vest og Gjøvdal i aust, og ein tidlegare sjølvstendig kommune i Aust-Agder. Frå 1. januar 1967 har Tovdal vore ein del av Åmli kommune.

Tovdal har ikkje gjennomgangsveg. Men Fv-272 går gjennom dalen frå Bås i sør til garden Dale i nord. Større grender er Øvre Ramse, Hillestad og Austenå. Tovdalselva renn gjennom dalen frå nord til sør. Elva har utspringet sitt i Straumsfjorden langt inne i Setesdal Austhei. Rjukanfossen nord for Dale er største fossen. Andre store fossar er Staddaren på Austenå og Tveitfossen mellom Hillestad og Øvre Ramse. Tovdalsvassdraget er ikkje regulert gjennom Tovdal. Heilt nord i Tovdal, ovafor Rjukanfossen, ligg Årdalen naturreservat som også strekker seg inn i Bygland kommune.

På Hillestad ligg det kjende Hillestad Galleri. Her ligg også Tovdal kyrkje.

Kjelder[rediger]

  • Solveig Austenå, Tovdal, kapittel i Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Fagbokforlaget, Oslo 1956, side 707-724

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...