Olav Lehne

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav LehneSymbol unrelated.svg
Født: 3. august 1949 (69 år)

Olav Torgny Lehne (fødd 3. august 1949 i Åseral) var sokneprest i Åseral og Audnedal frå 1987 til 2014, frå 2011 i redusert stilling til 60%. Han budde dei første ti åra av livet sitt i Åseral, der faren, Karl Trygve Lehne, var sokneprest. Så flytta familien til Gjerstad, der han og budde i ti år før faren vart pensjonist og familien flytta til Oslo. Etter å ha teke gymnaset i Risør, studerte Olav Lehne teologi på Menighetsfakultetet og vart cand.theol. i 1977. Etter praktikum var han feltprest på Lista flystasjon. Deretter vart det presteteneste i Øyestad før han i 1987 kom til Åseral.

Han er gift med Turid Lehne, dei har to barn. Avskilsgudstenestene for han var 21. september 2014 i Åseral kyrkje og 19. oktober 2014 i Grindheim kyrkje.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]