Vinddalsbakken

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinddalsbakken ca 1930.
Vinddalsbakken var artikkel 5700 på Setesdalswiki.

Vinddalsbakken, hoppbakke for skilaget Elgen i Vinddalen, på austsida av Elgeknipen, under Årdalsknapen, aust for Byglandsfjord.

Arbeidet med bakken vart gjort på dugnad, og starta etter det ein veit sommaren 1927. Grunn til bakken var gjeven gratis av fire grunneigarar i Vassend. Marcus Fiskaa var anleggsleiar og den drivande krafta. I 1928 var arbeidet ferdig. Men seinare vart det stadig gjort utbetringar.

Det skal ha blitt hoppa 52 meter i bakken under trening, av Pauli Åmo frå skilaget ØrnenEvje.

Det største arrangementet i Vinddalsbakken var eit krinsrenn i 1931. Då skal opp mot 400 tilskodarar ha vore oppe i bakken.

Kjelder