Setesdal i biletkunsten

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
En setesdalsbonde (Carl Sundt-Hansen)
Oppbyggelse (Lars Osa)

Setesdal i biletkunsten var ei kunstutstilling i Valle handel som var open frå 3. juli 2021 til 28. august 2021. Bykle og Valle kunstlag var ansvarleg for utstillinga, som hadde ein inngangsbillett på 30 kroner.

Bileta var henta frå samlingane til Valle Sparebank, Bykle kommune og Valle kommune og nokre private samlingar. Utstillinga hadde med kunstnarar som Asor Hansen, Olaf Isaachsen, Gustav Wentzel, Lars Osa, Reidar Fritzvold, Harald Lund, Olav Bjørgum, Kjell Nupen og fleire andre.

Under opninga hadde Gunnar Stubseid ei orientering om samlinga. Han tok for seg nokre av dei viktigaste målarane som vitja Setesdal på 1800-talet, litt om deira bakgrunn og kvifor dei kom til Setesdal. Nokre kom berre for kortare periodar, Andre slo seg ned og blei verande til dei gikk bort tidleg på 1900-tallet.

Kjelde[rediger]