Raudevja

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Austad sett frå toppen av Reiårsfossen. Ein ser Skeievja som skjer seg inn frå Otra mot høgre, og Raudevja på nordsida av Skeievja.

Raudevja er ei lita evje, ei vik, i Skeievja i OtraAustad i Bygland.

Namnet

Harde-Aslak er etter Reidar Vollen i Bygland gard og ætt segnfiguren framfor nokon frå Austad. Harde-Aslak skal ifølge eitt av segna ha drepe Kallhovden, ein bonde og kjempekar på garden Kallhovd i Hornnes. Etter drapet gav Aslak seg på heimvegen, som var over heiene vest for Otra-dalføret. På Austegards-heia i Åseral tok dei to sønene til Kallhovden han att, og drap han der.

Då Aslak ikkje kom heim, for mor hans avgarde for å leite. Ho fann liket hans ein søndags morgon, plukka saman likdelane i ein sekk og for på heimvegen med sekken på ryggen. Heime på Austad vaska ho liket i ei lita evje i elva, tett attmed kyrkja. Evja vart raud av blod, og fekk etter det namnet «Raudevja». Liket vart grave ned på Ækrejordet.

I gards- og ættesoga for Hornnes er segnet attgjeve slik:

«De sille vere ein småkongje på Kallot i gamle daga. Så kom det ein anna småkongje og drap`an. Då dei to sønin`ans kom heim og såg at far deiras var drepen, sinna dei seg opp å sette ette. Dei sto`an att på Åseralsheian, å der fekk dei hemna sæg. Dei fekk drep`an.»

Staden i Austegard der Aslak blei drepen skal heite «Hard-Aslak» den dag i dag. I nærleiken renn «Hard-Aslaksbekken».

Om ein Harde-Aslak verkeleg har levd på Austad veit ein ikkje sikkert. Men Reidar Vollen skriv at det finst tradisjon for at han skal ha vore ein historisk person. Det meste i sogene om han må uansett vere dikting, understrekar Vollen.

Kjelder

Kart

Laster kart...