Olav O. Rygnestad (1876)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Olav Olavsson Rygnestad («Olav Aareholt») (fødd 1876, død 1951) var bonde i Aareholti på Rygnestad i Valle. Han var gift med Jorunn Knutsdotter Rygnestad (fødd Tveiten). Ho var barnebarn til Eidsvollmannen Olav Knutsson Tveiten. Far til Olav var Olav Olavsson Rygnestad (Gråmannsonen). Bestefaren var Gråmannen, Olav Olavsson Homme. Olav Aareholt var såleis av den store Gråmannslekta i Valle.

Olav voks opp i Systog Rygnestad som ein av sju brødre. Han fekk overta småbruket Aareholti, og dyrka opp dette med mykje strev. Han tok også på seg arbeid for andre, som tømmerhogst og liknande. Om vintrane sette han ut snarer og fanga fugl. Han skal også ha vore noko av ein kvardagsfilosof. Han las mykje, og var skrivefør. I Sæbyggjen syng har han med to tekstar, Sætesdalssong og diktet Eg elskar deg du vene hei. Nokre har hevda at Olav Aareholt var den seinaste som hadde sett tussane og trudde på dei.

Kjelder[rediger]