Systog Rygnestad
Systog Rygnestad er eit gardsbruk (gnr. 23 bnr. 9) på Rygnestad i Valle. Husa på bruket med høveleg tomt er skilt ut med eige bruksnummer, gnr. 23 bnr. 60. Adelheid Rygnestad (f. 1967) er heimelshavar til begge eigedomane.
Historie
I 1611 blei Nørdre Rygnestad ved dom delt i to bruk. Jorunn Eivindsdotter, enka etter Vonde-Åsmund, og eldste sonen, Torleiv Åsmundsson Rygnestad, fekk ein halvpart kvar. Det eine av desse blei delt igjen i 1640, i Nordigard og Systog.
Olav Olavsson Homme (Gråmannen) (f. 1789, d. 1866) kjøpte garden i 1823. Då var garden liten og skrinn. Men Olav braut han opp så han vart reint omskapt, er det sagt. Olav Olavsson Rygnestad (Gråmannsonen) (f. 1839, d. 1920) overtok og dreiv garden vidare etter faren. Etter Gråmannssonen hadde Olav O. Rygnestad (f. 1866, d. 1939) garden. Det er framleis etterkomarar etter Olav Gråmann og kona Gyro Sveinsdotter Røysland som bur i husa på Systog Rygnestad.
Kjelder
- Olav M. Holen, Gråmannen og gråmenn, Bykle, 2016, side 20-28
- Grunnboka på nettsida til Statens Kartverk