Olav Olavsson Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Olav Olavsson Homme (fødd 1789, død 1866) var bonde og smed i Valle. På folkemunne gjekk han under namnet Gråmannen. Han var gift med Gyro Sveinsdotter Røysland. Dei gifta seg i 1829.

Olav Gråmann vaks opp under fattigslege og vanskelege forhold. Faren, Olav Åsmundson Homme, drakk og pantsette garden sin Gråmannshus. Han enda som husmann på husmannsplassen Gråsteinshage. Mora, Ingebjørg Kjetilsdotter Kvasaker (1761-1803), sleit seg ut og døydde ung, bare litt meir enn 40 år gamal. Olav var då 14 år gamal. Men han voks opp til ein sprek og føretaksam kar, skriv Olav O. Holen i artikkelen sin om Gråmannen i Jol i Setesdal 2009. Han lærde seg å smie, og smiing blei etter kvart den viktigaste levevegen, ved sida av gardsdrift. Mest skal han ha satsa på finsmed-kunst, der han særleg spesialiserte seg på å lage låsar. Han selde dei fleste av dei i Stavanger.

Inntekta som låsesmed var så god at han kunne kjøpe gardsbruket Systog Rygnestad. Den garden dreiv han godt, og blei etter kvart etter måten velståande. Han og kona fekk sjå tre born vekse opp. Det var Ingebjørg (f. 1831), Targjerd (f.1834) og Olav (f. 1839). På sine gamle dagar let Olav garden gå over til sonen, som tidt blei kalla Gråmannsonen. Både Olav Gråmann og kona døydde i rimeleg høg alder.

Det er mange soger etter Gråmannen, og nokre er teken med i boka til Olav M. Holen om Gråmannen og gråmenn.

Kjelder[rediger]