Gråmannen og gråmenn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bokomslaget med måleri av Asor Hansen.

Gråmannen og gråmenn er ei bok utgjeve i 2016 om gråmannslekta, avgrensa til generasjonane før Gråmannen og deira etterkomarar i tre slektsledd. «Gråmannen» var Olav Olavsson Homme (f. 1789 - d. 1866) frå Homme i Valle. Gråmannslekta er ei gamal slekt som har budd i Valle i fleire hundre år. I august 2016 var etterkomarane etter Gråmannssonen samla til Gråmannsstemne, og det var i det høvet at boka blei skriven.

Forfattar er Olav M. Holen frå Bykle, som sjølv er av gråmannslekta. Trykk og innbinding er ved Jiri Bartos, Tsjekkia. Omslagsdesign er ved Kjell Erik Guddal. Måleriet på framsida er av Asor Hansen. Boka har 120 sider. Ho er i sal for 250 kr. ISBN 978-82-999251-4-3.

Kjelder[rediger]