Såvi O. Uppstad
Såvi O. Uppstad | ||
---|---|---|
Født: | 15. september 1913 | |
Død: | 14. februar 2010 (96 år) |
Såvi O. Uppstad (fødd 15. september 1913, død 14. februar 2010 på Valle alders- og sjukeheim) var bygningsmann og småbrukar på Uppstad.
Det står i kyrkjeboka for Hylestad at Såvi O. Uppstad vart døypt i Hylestad kyrkje den 5. oktober 1913. Han fekk då namnet Salve, men har seinare bare brukt enten Såvi eller Såve, men noko om kvarandre. (F.eks sto det Såvi på selvangivelsen og Såve i mva-registeret). I kyrkjeboka står det at han var fødd den 15/8, men det er nok 15/9 som er rett fødselsdato.
Såvi O. Uppstad var son til Olav S. Uppstad og Jorånd H. Haugeland.
Han etterlet seg kona Kari Uppstad og borna Randi Borgny Uppstad og Knut Olav Uppstad. Systera Ingebjørg O. Berg levde og då han døydde.
Gravferda var frå Hylestad kyrkje fredag 19. februar 2010 klokka 13. Etter gravferda var det minnestund på Nomeland bedehus.
Grava ligg på gps-koordinaten UTM 6551249 416398 på Hylestad kyrkjegard i dobbel dybde og dette er den same grava som faren Olav S Uppstad var gravlagd i. På den nye gravsteinen står her også mora Jorånd H. Haugeland og besteforeldrene Ingebjørg E. Uppstad og Saavi O. Uppstad, men desse tre siste namna er flytta frå gravsteiner andre stader på kyrkjegarden.
Kyrkjebokoppføring
- Dåp 1913: Valle / Hylestad si klokkerbok frå 1875 - 1921 , blad 082, høgre side, linje 8
- Konfirmasjon 1928: Valle / Hylestad si klokkerbok frå 1921 - 1948 , blad 078, linje 6
Andre kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 17, 2010 side 2