Lunden (Fennefoss)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Her på baksida av huset var Byklarloftet.
Foto: Geir Daasvatn

Lunden er eit gardsbruk (Evje og Hornnes gnr. 6 bnr. 10) på Fennefoss i Hornnes. Kåre Eidem har bruket i dag.

Historie[rediger]

Før det kom ordentleg veg mellom Kristiansand og Setesdal, blei setesdølane ofte rodd på Otra frå Kile til Fennefoss. Her kom dei gjerne på kvelden, for det var ei lang strekning å ro. Det var store båtar, med tung last. Byklarane overnatta då mykje i Lunden, og eit loft i våningshuset kallast «Byklarloftet» den dag i dag. Loftet hadde eigen inngang, og det var inga dør frå loftet til resten av huset. Men byklarane måtte dele loftet med ei anna gruppe, så det blei like gjerne kalla «Fanteloftet». Folk frå Valle, Hylestad og Bygland hadde truleg andre gardar dei brukte å overnatte på når dei var på bytur.

Den kjende misjonskvinna i Hornnes, Stina Fennefoss, budde i Lunden på andre halvdel av 1800-talet saman med mannen Ola Mikkelson Fennefoss. Sonen Anders O. Fennefoss (1859) skal ha drive bruket fram til eit mønsterbruk. Bornebornet til Stina og Ola, Olav A. Fennefoss, sat i heradsstyret i Hornnes i 11 periodar (ca. 35 år). Han var ordførar frå 1948 til samanslåinga med Evje i 1960.

Kjelder[rediger]