Likkvile Stemmen Jordalsvatn

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Likkvila som skal vere etter Jørund Gunnarson Kvåle 25. juni 2017.

Likkvile Stemmen Jordalsvatn er ei likkvile rett sør for den gamle stemmen for Jordalsvatn aust for Jordalsbø i Bygland. Etter segna skal det vere likkvila til Jørund Gunnarson Kvåle. Jørund døydde under ein tur til Tovdal, truleg i 1670-åra. Likkvila ligg langs den gamle ridevegen Jordalsbø - Øy - Tovdal. Dei skal ha lagt henne den stunda dei kvilte då dei bar Jørund heim til Bygland.

Likkvila er lita, bare 1,5 meter lang og 10-20 cm brei. I tillegg kom hovudet, som låg på hovudsteinen. Det skal ha gått gjetord om at Jørund var uvanleg liten av vekst.

Om segna talar sant, og likkvila verkeleg er etter Jørund Kvåle, veit ein ikkje sikkert.

Kjelder