Jørund Gunnarson Kvåle

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Jørund Gunnarson Kvåle (fødd ca. 1584, død etter 1671) var bonde på Kvåle i Bygland. Ei stund budde han på Lauvdal (Øvre Søgarden). Jørund eigde også i kortare eller lengre tid andre gardar eller part i andre gardar rundt omkring. Han samla seg etter kvart mykje jordegods og var involvert i mange handlar.

Jørund har i ettertid fått kallenamnet «Vond-Jørund». Etter segna skulle han vere noko bortimot ein massedrapsmann, med sju eller ni menneskeliv på samvitet. Mellom anna fortel Johannes Skar om Jørund fleire stader. Men bygdebokforfattar Reidar Vollen har studert kjeldematerialet grundig, og finn bare spor av to drap. Begge desse skjedde i sjølvforsvar, og Jørund blei frikjend med den grunngjeving at han handla i nødverge. Dei fleste historiane om han er såleis segn og eventyr.

«Ein kan likevel ikkje underslå at han var innblanda i mange slagsmål og at han bruka kniven ved mange høve. (---) Utan vidare kan (---) ein slå fast at Jørund Kvåle har vore ein svært fargerik og vidgjeten person», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.

Jørund Kvåle skal ha døydd under ein tur til eller frå Tovdal, truleg tidleg i 1670-åra. Etter segna er likkvila ved stemmen for Jordalsvatn etter han.

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygkland kommune, 2012, side 226–238