Stemmen (Jordalsbø)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Stemmen (Sørstemmen) er ein stor steinstem som blei sett opp i vestre enden av Jordalsvatn i Bygland heilt på starten av 1900-talet. Jordalsåna (i dag kalla Søråni) var flotingselv, og vatnet blei demd opp for å skaffe vatn til flotinga. Utbygginga av kraftverk i Setesdal, og den tilhøyrande vassdragsreguleringa, gjorde slutt på flotinga av tømmer i Otra og etter kvart også i sidevassdraga. Men den svære stemmen ved Jordalsvatn står der den dag i dag.

Rett sør for stemmen ligg ei likkvile. Etter segna skal det vere likkvila til «Vond-Jørund» Kvåle.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...