Jordalsvatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kveld ved Jordalsvatn 15. juni 2017.
Våtmarksområdet Øyan ved austre enden av Jordalsvatn.
Foto: Geir Daasvatn

Jordalsvatn ligg på heia ei halv mils veg nord-aust for busetnaden i Jordalsbø i Bygland. Vatnet er omkransa av store myrareal. Delar av vatnet er grunt. Ut av vatnet og nedover lia mot Jordalsbø renn Søråni. Rundt innløpet ligg elvedeltaet og våtmarksområdet Øyan.

Det går skogsbilveg (bomveg) inn til vatnet frå Steinstog i Jordalsbø.

I samband med utnytting av vatnet i Søråni til Søråni kraftverk, hadde grunneigarane også søkt om regulering av Jordalsvatn med 1,5 meter. Dette gav NVE ikkje løyve til.

I eldre tider var Søråni flotingselv. På byrjinga av 1900-talet blei det sett opp ein stor steinstem ved utløpet av Jordalsvatn. Stemmen står framleis.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.