Kyrvestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Kyrvestad 27. oktober 2017. Heilt til venstre Valle prestegard, som ikkje høyrer til Kyrvestad.

Kyrvestad er ein gard (gnr. 43) i Valle like sør for Valle kyrkje. Han byter med Prestegarden i nord og Viki i sør. Garden har fire bruk. Kyrvestadvegen går frå Nordibøvegen inn til husa i garden.

Historie[rediger]

Kyrvestad hadde kvernhusa i Vikebekk. Støylane var i Finndalen og i Stavedalen. I Skjervingdalen var det også høybuer og slåttebuer.Dei reiste til Finndalen med dyra rundt jonsok. Der blei dei verande i om lag seks veker. Så var dei i Stavedalen i to veker før dei flytta heim igjen.[1]

Stadnamn i Kyrvestad[rediger]

I hovudoppgåva Nokre stadnamn frå Valle i Setesdal nemner Dreng Uppstad ti stadnamn frå innmarka og førti frå utmarka.

Innmark[rediger]

  • Brokedøl
  • Hagane
  • Hatteris*
  • Heggebakke
  • Lauvås
  • Leirevje
  • Merresprengen
  • Nylendet
  • Ringåkeren
  • Steinbrufloti

Utmark[rediger]

  • Andreseshage
  • Bekkebudi
  • Bjorhola
  • Brenne
  • Brennestølen
  • Budene
  • Geitekre
  • Halvfarsteinen
  • Havsås
  • Kalvevøylen
  • Klatten
  • Kostet
  • Lauvås
  • Lislelidfjelli
  • Mannspann
  • Njuk
  • Njuksflaten
  • Nobb
  • Pinken
  • Prestvarden
  • Rjohaug
  • Rjupetjørn
  • Roddestein
  • Rulken
  • Rutekultren
  • Sauefloti
  • Skarkediket
  • Skrolle
  • Slettebakke
  • Sosås
  • Storedal
  • Storenden
  • Stukkedalen
  • Svogsheii
  • Torgrimsto
  • Tvigyva
  • Valestølbudi
  • Vardebrokke
  • Varden
  • Vik

Litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 314