Nedre Kviplassen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Nedre Kviplassen, også kalla Kvinen, var ein husmannsplass på austsida av Kvifjorden, i fjellheimen heilt vest i Bygland, i garden Hegland si mark. Næraste nabo var garden Kvinen, over grensa til Sirdal og Vest-Agder.

Nedre Kviplass er nemnt i skriftlege kjelder første gong i 1751. Hans Osmundsen er den første kjende brukaren. Den neste husmannen var Aslak Aslakson Sinnes frå Sinnes i Sirdal. I 1800 gjorde han eit bytte med Tellef Tarjeison Suleskar, som hadde vore i Pytten frå 1796. No bytta dei plassar, slik at Tellef kom til Nedre Kviplassen medan Aslak flytta til Pytten.

Nedre Kviplassen blei truleg fråflytta ein gong for godt før 1875. Reidar Bolling skriv i gards- og ættesoga for Bygland (1952) at fleire sirdølar prøvde å livberge seg på plassen, men at det «---gjekk helst fillevegen».

I 1967 blei Kvifjorden demd opp i samband med Sira-Kvina-utbygginga. Dei gamle hustuftene i Nedre Kviplassen kom under vatn. Noko av det gamle jordet er framleis synleg.

Kjelder[rediger]