Sveindalsvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sveindalsvegen heiter strekninga på Fylkesveg 42 som går frå Kjetså i Hornnes til fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Vest-Agder rett vest for Bjørndalsvatnet. Eit par kilometer vest for Kjetså ligg den bratte Tveitekleiva, der tunge køyretøy ofte får problem med å kome opp på glatt føre om vinteren. Etter Tveitekleiva kjem ein til garden Tveit.
Kjelder
- Vedtak om vegnamn i Evje og Hornnes kommunestyre, dagsett 24. oktober 2013