Jøssingbu

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jøssingbu ved Auversvatn. Her vart Kjetil Glidbjørg og Jeiskeli-brørne arresterte i 1943. Bilete frå Kay Jeiskelid via Setesdalsmuseet. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006) b II s 72.

Jøssingbu var ei hytte som Sigbjørn Jeiskelid og Knut Jeiskelid hadde i austre enden av Auversvatn på heia aust for Hovden. Denne staden var ei tid «nærast ein hovudbase for heimefronten på Sørlandet», står det i boka Bykle under krigen (1995, 102). Det skal ha vore kommandosoldaten Andreas Fasting (f. 1919, d. 1943) (CHEESE II) i Kompani Linge som drog oppover Setesdal til Bykle og gjorde avtale med folka på Geiskeli om å disponere hytta ved Auversvatn til dekningsstad for agentar. Det må ha vore ein gong tidleg på vinteren 1942. Men etter opprullinga av motstandsrørsla i 1943, vart denne basen mindre sentral.

1942

I artikkelen «Alf» - den glemte telegrafisten av Magne Haugland, som stod i Fædrelandsvennen 1. juli 2016 side 48 og 49, er det fortalt om Andreas Lone som også var i Jøssingbu:

En dag i april 1942 fikk Lone i Grimstad telegram om at det ville komme et dropp med 12 våpenkontainere i Bykle. Lone reiste til Bykle for å motta droppet, men på vei dit fikk han beskjeden om at Njaa var tatt og Kåre Austad var ettersøkt av Gestapo. Sammen med Jon Bjåen mottok Lone droppet og fraktet våpen og ammunisjon i skjul. Lone gikk i dekning på hytta Jøssingbu og fikk der beskjed om at han ikke var ettersøkt av Gestapo. Han reiste da tilbake til Flekkefjord, hvor han fortsatte telegrafistjobben.

1943

Sjefen for Kampgruppe 3 (Distrikt 18 frå sommaren 1943), major Arne Laudal, blei arrestert av tyskerane 7. desember 1942. Sjefen for Setesdalsavsnittet, Rolf Ellingsen, la då på flukt saman med Viggo Axelssen og Finn Erikstad nordover via Åseral til fjellheimen i Setesdal. 3. januar 1943 kom Rolf Ellingsen og Viggo Axelssen til Jøssingbu. Finn Erikstad blei ført inn til Myrekvæven, ein reserveskjulestad noko nord for Hovden. Ved Jøssingbu låg frå før to andre motstandsmenn, våpeninstruktøren Birger Fjellestad og telegrafisten Normann Gabrielsen («Engelen»). Dei var droppa i Bykleheiane siste veka i november 1942.

12. januar 1943 hadde dei fire motstandsmennene som var på Jøssingbu fått selskap av tre karar frå Bykle: Salmund Jeiskelid, Sjur S. Vatnedalen og Kjetil Glidbjørg. Nå var dei sju menn på hytta. Denne dagen skjedde eit fatalt uhell med ein maskinpistol. Sjur S. Vatnedalen blei truffe av fleire skot i kneet.

13. januar 1943 var det stor rassia mot Jøssingbu. Tyskerane kom til Jeiskeli med Rudolf Kerner, Ole Wehus og «lensmann» Ottar Abusdal i spissen. Dei sju som låg på Jøssingbu blei varsla. I all hast pakka dei det viktigaste utstyret, for å flykte vidare til bua som stod klar ved Myrekvæven. Salmund Jeiskelid og Kjetil Glidbjørg blei verande att på Jøssingbu med den skadde Sjur S. Vatnedalen.

Distriktslege Gert Magne Høye har fortald om denne dramatiske hendinga i Jol i Setesdal 1970:

Tyskarane hadde teke til å arrestere folk i Setesdal. Dei hadde rulla opp ei motstandsgruppe [...]. Det kom mange flyktningar til Jøssingbu, sume reiste til ei hytte lenger inne på heia. I Jøssingbu hende det eit stygt uhell. Ein maskinpistol som ikkje var sikra, tok til å sleppe skot då han vart slengd vekk, og tre skot råka Sjur S. Vatnedalen i kneet. Sjur var då hjelpelaus, og kunne ikkje røme. Salmund Jeiskelid og Kjetil Glidbjørg ville ikkje reise frå han. Dei ringde til meg og ba meg kome til Jeiskeli for å hjelpe ein kar som hadde hogge seg i foten og blødde stygt.

Eg var trøytt og sliten etter ein lang dag, men tok i veg mot kvelden [...]. Ved Bykle hotell var mange tyske soldatar, men eg hadde høyrt at der skulle vere ei tysk avdeling i vintertrening, så eg gjorde ikkje så mykje vesen av det eg såg.

Ved vegskilet til Jeiskelid måtte [...] bilen vente. Eg gjekk vidare på ski. Olav Jeiskelid fylgde med til heis. Det var mørke kvelden, men Olav var godt kjend, og fram til hytta kom vi. Sjur var stygt skadd og trong sårt til hjelp. Men elles var karane i godt humør [...].

Etter at Høie hadde stelt såret, drog dei tilbake til bilen att. Der venta tyskarane, men Høie hadde ei truverdig dekkhistorie som gjorde at dei fekk gå. Så skriv han vidare i Jol i Setesdal 1970:

Men korleis gjekk det med dei tre i Jøssingbu? Det tok litt tid før tyskarane kom til heis, for det sette inn med vind og snøføyke. Det var til bate for dei tre at det drygde, dei fekk tid til samråding om kva dei skulle seia når dei vart avhøyrde. Då veret letta kom tyskarane. Dei gjekk i line og hadde Olav Jeiskelid føre som vegvisar. Eg hadde otte og gru for dei tre. Sett at dei skaut. Dei var huga, og alle tre var uredde karar og gode skyttarar, dei kunne nok ha meia ned dei som kom etter dei. Men kva ville hende etterpå? Det var nok det karane tenkte på, og dei handla klokt og løyste ikkje eit skot. Alle tre vart tekne og kom under hard tortur, men forklara seg heilt likt. Dei sa til tyskarane at dei hadde vorte usamde med leiarar i heimefronten, dei hadde tretta med ein av dei, og under tretta vart Sjur skoten i foten. Alle heldt meg heilt utanfor det heile. Det enda med at Sjur vart innlagd på sjukehus, og Kjetil vart send til Tyskland. Men Salmund då? Eg ville knapt tru mine eigne augo då han ei stund etter kom til meg, roleg og smilande som før. Han hadde lurt tyskarane, hadde hykla samhug med dei og hadde mykje vondt å seia om heimefrontleiarar. Og tyskarane trudde han og gav han fri.

Kjelder