Kjetil Glidbjørg
Kjetil Glidbjørg | ||
---|---|---|
![]() | ||
Kjetil S. Glidbjørg ca 1936. Foto: Bilete frå Marie Gildbjørg. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006) b 5 s. 114
| ||
Født: | 1897 | |
Død: | 1978 (alder 80–81) |
Kjetil Sigbjørnsson Glidbjørg (fødd 1897, død 1978) var gardbrukar på Glidbjørgsmoen i Bykle og motstandsmann under andre verdskrigen. Han selde bruket i 1955. Nokre år seinare flytta han inn i ei hytte han hadde bygd på Hovden.
Kjetil dyrka opp Glidbjørgsmoen og bygde husa der i andre halvdel av 1930-talet. Under krigen var han aktivt med i Milorg. Han blei arrestert 13. januar 1943, då tyskerane gjennomførte ein rassia mot Jøssingbu ved Auversvatn. Salmund Jeiskelid og Sjur S. Vatnedalen blei også tekne. Kjetil blei etter kvart sendt til konsentrasjonsleiren Neuengamme i Tyskland. Han var i fangenskap til frigjeringa i mai 1945.
Familie
Far til Kjetil var Sigbjørn H. Glidbjørg (f. 1837, d. 1897). Mor var Ingebjørg Auversdotter Gjerden (f. 1863, d. 1923).
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band V, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 113–116 og side 105
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, 1994, side 550
- Kristen Taraldsen, Frihetens flamme – major Laudal og hans menn, utgjeve av Fædrelandsvennen, 1994, side 368–373