Kjelleberg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kjelleberg er ein gard (gnr. 40) i Valle like vest for Valle kyrkje. Garden har tre bruk. Valle Motell ligg på Kjelleberg.

Historie[rediger]

Garden ligg sentralt i Valle og er heilt sikkert gamal. Men han er snaut av same alder som gardane litt lenger sør i bygda.[1]

Kjelleberg hadde støylen Bølet i Finndalen saman med Sagneskar. Garden hadde også støyl ved Neiretjønn. I tillegg var det støylar på Midtfjøddi og i Stavedalen. Det var vanleg å reise opp til Neiretjønn tre dagar etter jonsok. Her blei dei verande i tre veker. Så var dei fire veker på Bølet. Rundt 15. august flytta dei heim frå heia. 1960 var det siste året det var støylsdrift ved Neiretjønn.[2]

Kvernhus hadde garden i Vikebekk.

Stadnamn på Kjelleberg[rediger]

I hovudoppgåva Nokre stadnamn frå Valle i Setesdal nemner Dreng Uppstad seks stadnamn frå innmarka og to frå utmarka.

Innmark[rediger]

  • Fossåkeren
  • Friggshola
  • Frubærhaugen
  • Linekre
  • Tjørehaugen
  • Skeidfloti

Utmark[rediger]

  • Munkehaug
  • Valedokk

Litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 517
  2. Valle IV, side 521