John Dalane

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
John Dalane
Født: 29. januar 1876
Død: 13. september 1971 (95 år)

John Dalane (fødd 29. januar 1876 i Iveland, død 13. september 1971 i Evje) var handelsmann og drosjesjåfør i Evje i ei årrekkje. Han er gravlagd på Evje kyrkjegard. Han var gift med Borghild Dalane (fødd Fatnes) frå Ryfylke, og var far til sju born.

Dalane var son til Syvert Syvertsen, som var bonde på Dalane i Iveland. Men John var ikkje den eldste sonen, og måtte finne seg eit anna yrke enn bondeyrket. Som 20-åring reiste han difor til Oslo for å gå på handelsskule. Etter at utdanninga var ferdig, starta han som forretningsmann. Han var først styrar av forbruksforeininga på Birkeland. Så flytta han til Mykland for å styre handelslaget der. Men dei fleste av arbeidsåra la han ned i Evje. Her vart han styrar av eit aksjeselskap, Evje Handelssamlag, som dreiv forretning i tre hus etter tur. Han sette mellom anna opp huset «Fritun» på eigedomen der Evje Samvirkelag seinare kom, og der Coop Extra ligg i dag. Han var også eigen handelsmann i eigne lokale på eigedomen Vonheim, som er eigedomen der Torgeir Lund-bygget seinare kom.

Då eldste dottera hans vart vaksen, overtok ho ein del av arbeidet i forretninga. John Dalane, som med det fekk litt ledig tid, starta då opp med drosjekøyring. Han kjøpte seg ein bil, og vart etter det ein veit den første drosjesjåføren i Evje. Etter ei stund slutta han heilt som handelsmann, og ofra seg for drosjekjøyringa. Han hadde mellom anna fast kjøyring for ingeniørane frå Evje nikkelverk opp til Flåt nikkelgruve i Flatebygd.

Dei siste åra før han døydde budde John Dalane på Hornnesheimen.

Kjelder

  • Torbjørn Hansen, Heidersmann frå Evje blir 90 år laurdag, artikkel i Fædrelandsvennen, januar 1966
  • Anfinn Lislevand, Historia og mine minne frå Evje Torg - "Torvet", artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2013, side 14-25
  • Anfinn Lislevand, Dalanehuset - Fritun, artikkel i Arnstein, 2015, side 17-28