Vonheim (Evje)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det første huset på Vonheim.
Foto: Ukjent. Scanna bilete frå Arnstein 2012

Vonheim er ein eigedom i Evje sentrum. Han ligg på austsida av sentrumsgata, mellom Sagatunbygget og bygget der Intersport Evje held til. I dag er det Torgeir Lund-bygget som står på eigedomen.

Det var Evje Handelssamlag som først sette opp hus på eigedomen. Det skjedde rundt 1913/1914. Evje apotek var den første verksemda som heldt til her. Apoteket opna for publikum 30. april 1914.

20. juni 1917 kjøpte handelsstyraren på Evje Handelssamlag, John Dalane, Vonheim. Det blei sett opp eit uthus, med eit lite fjøs og ei lita høyløe. Uthuset står den dag i dag.

Evje apotek vart drive på eigedomen til april 1921. Frå hausten 1921 dreiv John Dalane forretningsverksemd for eiga rekning på eigedomen. 20. april 1931 avslutta han drifta. Hausten 1931 selde han eigedomen til Torgeir Lund frå Valle, som frå 30. november 1931 opna forretning her. I dag står det eit ganske nytt forretningsbygg på eigedomen, det nemde Torgeir Lund-bygget.


Kjelder[rediger]