Jørgen Å. Kjetså

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jørgen Å. Kjetså
Bilde nr. 9 - Jøren i Skaret - EHF-023433 kopi (2).jpg
Jøren i Skaret.
Foto: Utlånt av Alf Georg Kjetså
Født: 8. juni 1894
Død: 23. mars 1971 (76 år)

Jørgen Åsmundson Kjetså (fødd 1894, død 23. mars 1971) («Jøren i Skaret») var ein heimvendt norsk-amerikanar som budde i SkaretKjetså i Hornnes. Han var son til Åsmund Knutson Kjetså (f. 1849, d. 1927) og Anna Jørgensdotter Kjetså (fødd Bjorå).

Jøren var først i USA frå 1913. Han blei verande der i fleire år, men reiste så heim igjen til Norge. I 1927 reiste han på nytt vestover, no til Canada. I 1930 kom han tilbake for andre gong, og blei sidan buande i Skaret.

Jøren hadde mykje å fortelje frå tida si i Amerika. «Ein del av det han fortalde var så utruleg at det var mange som drog på smilebandet og trudde lite på det. Men det var festleg å høyre Jøren fortelje», skriv Alf Georg Kjetså i ein artikkel om Skaret i Arnstein 2016.

Kjelder[rediger]