Inger Johanne Lund

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Inger Johanne Lund
Født: 23. juni 1928
Død: 1. januar 2015 (86 år)

Inger Johanne Lund (fødd Støwer 23. juni 1928, død 1. januar 2015) var forretningskvinne i Evje. Ho var fødd på Grong. Faren var konduktør i jernbanen, og familien busette seg i Kristiansand der Inger vaks opp. Ho arbeidde som kontordame hos advokat Kjær i Kristiansand, ho var og hos Græsvig Sport i Oslo. I 1950 gifta ho seg med Juel Lund. Dei budde i Åraksbø i 1952-1953, der Juel var styrar av Åraksbø Samyrkelag. Etter det var dei sju år i Mykland og deretter like lenge i Seljord. I 1967 flytta dei tilbake til Evje, der Juel var oppvaksen. I 1973 etablerte Inger saman med Eli Mogstad Evje Matsenter i Sentrumsbygget. Dei dreiv butikken til ut på 80-talet.

Inger budde på Evjeheimen den siste tida. Ho etterlet seg barna Tor Idar Lund, Kirsten Lund og Ingrid Lund Eide, svigerbarn, barnebarn og oldebarn samt annen familie. Gravferda var frå Evje kyrkje fredag 9. januar 2015 klokka 11. Like kjært som blomar var ei gåve til Arbeidsstova på Evjeheimen.

Kjelder[rediger]