Åraksbø Samyrkelag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Åraksbø Samyrkelag var i det svære gule bygget like på nedsida av bygdevegen. I dag er huset i privat eige og er brukt som fritidsbustad.
Åraksbø Samyrkelag slik bygningen ser ut i dag (2017).
Foto: Geir Daasvatn

Åraksbø Samyrkelag var ein butikk i Åraksbø i Bygland frå like etter 2. verdskrigen til 1991. Butikken låg på nedsida av bygdevegen gjennom Åraksbø, på garden Stoplestog sin grunn.

Den første tida heldt butikken til i våningshuset på bnr. 1 på Nordre Haugen. Den første handelsstyraren var Olav Å. Aamlid (fødd 1925) frå Valle. Han dreiv butikken frå 1946 til 1949. Frå 1949 til desember 1950 styrte Åsmund K. Faremo (fødd 1925) forretninga. Neste styrar, frå desember 1950 til juli 1952, var Helmer Nilsen (fødd 1926). Han gifta seg i 1951 med Gudny Nilsen frå Evje, og i 1952 flytta dei dit.

I 1950 blei det frådela tomt til eit eige butikkbygg frå Stoplestog. Det nye bygget stod ferdig i 1952. Den første handelsstyraren i det nye bygget var Juel Lund frå Evje. Han blei bare verande i Åraksbø i eitt år. Etter han kom Arne Therkelsen frå Kil ved Kragerø. I 1960 flytta han med familien til Treungen i Nissedal. Frå 1960 tok Gunnar O. Sordal over som handelsstyrar. Han dreiv butikken heilt fram til siste opningsdagen 30. april 1991.

Kjelder[rediger]