Tor Idar Lund

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tor Idar LundSymbol unrelated.svg
Født: 21. desember 1950 (68 år)

Tor Idar Lund (fødd 21. desember 1950) er tidlegare kjøpmann og no eigedomsutviklar i Evje. Han dreiv i mange år Torgeir Lund jernvarehandel (Jernia) og Torgeir Lund sportsbutikk (G-Sport) i Torgeir Lund-bygget i Evje sentrum. Han overtok denne forretningsverksemda etter far sin Juel Lund. I 2009 slutta han som sportshandlar etter 36 år i bransjen, og overlet forretninga til neste generasjon. Seinare er også jernvarehandelen lagt ned.

Gjennom selskapet Torgeir Lund eig Tor Idar framleis Torgeir Lund-bygget. Men lokala er leigd ut til andre verksemder. Han er også medeigar i selskapet Lund-Mogstad, som eig den delen av 1. etasje i Sentrumsbygget der Cubus Evje opna butikk 10. november 2016. Han er dessutan eigar av delar av den nedlagte militærleiren på Hannåsfeltet i Hornnes.

Foreldra til Tor Idar er Juel og Inger Lund.

Kjelder[rediger]