Juel Lund (1926)
Juel Lund (1926) | ||
---|---|---|
Født: | 13. juni 1926 | |
Død: | 18. desember 1996 (70 år) |
Juel Lund (fødd 13. juni 1926, død 18. desember 1996) var handelsmann og son til Torgeir Lund. Han budde på Evje. Han arbeidde i ungdomstida i forretninga som faren dreiv i Evje sentrum. Han vart i 1950 gift med Inger Johanne Lund (fødd Støwer) frå Oslo. Dei fekk tre born, Tor Idar Lund (fødd 1950), Kirsten Lund (fødd 1953) og Ingrid Lund Eide (fødd 1954).
Åraksbø Samyrkelag flytta inn i nytt hus i 1952. Juel Lund var den første handelsstyraren. Han var då temmeleg nygift med Inger Johanne. Dei blei bare verande i Åraksbø i eitt år, til 1953. Sidan dreiv dei handel i Mykland i sju år, og like lenge i Seljord. I 1967 kom Juel og kona tilbake til Evje, der dei overtok forretninga etter far hans.
Då Evje idrettslag vart skipa i 1945, vart Juel Lund vald til nestformann.
Kjelder
- Tarald Nomeland: Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972 side 11
- Dødsdato opplyst av Jorunn Lund Tveit 23. juni 2016
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 59