Valle bygdekvinnelag
Valle bygdekvinnelag vart skipa i 1947. Laget har faste møte i vinterhalvåret. Dei har satsa mykje på å halde kurs om lokale tradisjonar, og dei nyttar Tosong som kurslokale. Laget har gjeve ut bøker, kassett og video for å ta vare på og føre vidare gamalt handverk og tradisjonar frå Valle. I 1997 fekk laget Valle kommune sin kulturpris. Frå 1995 har dei gjeve ut Valle bygdekvinnelags kalender. Laget har og eit fast innslag i Kulturveka i Valle med eventyrvandring frå skulen/barnehagen opp til Tveitetunet, der dei syner ei eventyrforestilling.
Jingle for Eventyrvandringa 2020 laga av, og nytta i Valle Radio.
Leiarar
Desse har vore leiarar gjennom åra:
Æresmedlemmer
I samband med markeringa av 60-årsjubileet vart fem av medlemmene utnemnde til æresmedlemmer. Det var May-Lis Flateland, Anne Lise Harstad, Ingebjørg Vegestog Homme, Petra Homme og Birgit Tveiten.[1]
Bokutgjevingar
- Rette klede i Setesdal 1999 ISBN 82-995252-0-9
- Gøymde og gløymde skattar. Band og belte frå Setesdal 2024
Referansar
- ↑ Æresbygdekvinner i Valle. Omtale i Setesdølen nr. 95, 2009 side 9