Kommunestyresalen i Valle

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Kommunestyresalen i Valle ligg i første etasje i Valle kommunehus. Salen har trekvitt panel på veggene og framme er det eit litt heva golv der ordførar, varaordførar og sekretær har plassane sine. På veggen bak dei heng det vovne teppe av tekstilkunstnaren Miling Svalastog frå Rauland. På sideveggen heng måleri av Harald Lund.

I salen sit representantane i hesteskoform og bakerst er det plass til publikum. Romet vender ut mot Riksveg 9. Ved sida av salen er det eit grupperom for politiske gruppemøter. Dette blir også brukt til andre møter når det ikkje er møte i kommunestyret. Salen kan også leigast til anna bruk når den er ledig.

Kjelde