Hallvard Frøysnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hallvard FrøysnesSymbol unrelated.svg
Født: 26. februar 1933 (86 år)

Hallvard Vrålson Frøysnes (fødd 26. februar 1933Frøysnes) arbeidde som lærar i Bygland kommune frå 1958. Han representerte Arbeiderpartiet som medlem av kommunestyret i Bygland i 20 år, 16 av desse var han med i formannskapet. Han var varaordførar då ordførar Osmund Faremo vart vald inn på Stortinget i 1965, og dermed overtok han som ordførar i kommunen frå 1966-1968. Han hadde og ei rekke andre politiske verv, mellom anna som formannskapssekretær og formann i skolestyret då Bygland skule og symjehallen vart bygd i kommunen.

Før han tok lærarutdanning hadde Hallvard Frøysnes teke landbruksskole og gått på Hornnes landsgymnas. Han har befalsutdanning, og var med i Heimevernet i mange år. Han dreiv symjeopplæring for born og vaksne og var sommarvikar i Setesdal Bilruter. Han var også aktiv i idrett og krinsmeister i stille lengde og høgde (1957). Ei tid dreiv han og kjøreskule.

Hallvard var gift med Astrid Moi (f. 1935). Dei gifta seg i 1954, men blei skilde i 1984. Borna deira er Vidar Frøysnes (f. 1955), Torjus Moi Frøysnes (f. 1963), Sigrun Frøysnes Flaa (f. 1966) og Aslaug Moi Frøysnes (f. 1970).

Kilder[rediger]