Torkjel Segberg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torkjel SegbergSymbol unrelated.svg
Født: 29. oktober 1936 (82 år)

Torkjel Segberg (fødd 29. oktober 1936) vaks opp på Heggtveit i Kleivegrend i Åraksbø og arbeidde heime den fyrste tida. Då han var 28 år, begynte han på Kristiansand Jernstøperi, men sidan fekk han seg jobb i Kristiansand kommune i Ingeniørvesenet, der han var i nærare 20 år. I 1967 gifta han seg med Gudrun Segberg, dei leigde ei stund hus i Kristiansand og Vennesla før dei bygde hus i Øvrebø. Han var med i Vennesla kommunestyre for Arbeiderpartiet, og han har og møtt i Bygland kommunestyre, i eldrerådet og kontrollutvalet.

I 1963 sette han opp hus ved barndomsheimen, og då han vart pensjonist i 1995, flytta han og kona dit. Som pensjonist har han engasjert seg i skogsarbeid, bygdesogearbeid og målsak.

Kjelder[rediger]