Drosefjellet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Drosefjellet er eit fjell (556 moh.) aust for Vikstølvatnet og nord for Lislevatnet, heilt aust i Evje og Hornnes kommune. Fjellet ligg på garden Håtveit sin grunn.

Turløype[rediger]

Drosefjellet er med i Otra IL sitt turprogram Ti toppers i 2016. Frå Evje er det ca. 10 km til start/parkering ved Vikstøl-gardane. Ein følger så vegen vidare austover ca. 0,8 km. Rett før eit kvitt hus skal ein ta sti til venstre og etter det gå ca 0.7 km i terrenget til toppen. Ei kontrolltang står festa på skilt ved ei lita bjørk i eit «krater»/ei myr mellom tre små toppar.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...