Håtveitfossen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den tørrlagde fossen med tunnellen som sikrar minstevassføring i Håtveitåna nede til høgre i biletet.
Det fall svære mengder med nedbør over indre Agder i september 2015. For ei sjeldan gong kunne ein nyte synet av den svære fossen som kasta seg utføre stupet og ned i Håtveitåna.
Foto: Geir Daasvatn

Håtveitfossen er ein foss i Håtveitåna, nord-aust i Evje og Hornnes kommune, rett etter at elva har runne ut av Vikstølvatnet på veg nedover mot Lislevatnet.

Opprinneleg var Håtveitfossen ein imponerande foss med svær vassføring. Men på slutten av 1950-talet vart Vikstølvatnet regulert, og fossen har etter det vore tørrlagd store deler av tida. Vatnet frå Vikstølvatnet blei etter reguleringa ført ut i Håtveitåna gjennom ein tunnel som kom ut i botnen av fossen.

Det stod lenge på 1900-talet ei kvern ved Håtveitfossen. Det var på den tid stor vassføring til kverna, med høgt fall i fossen. Difor var dette ei sikker kvern i drift. Fossen høyrde til Håtveit-garden. Til kverna kom det folk frå mange gardar for å male korn, og den som eigde Håtveit hadde ei god ekstrainntekt på kverna. Ho skal ha stått til 1950-åra, men var snaut i bruk etter 1. verdenskrig.

Kjelder

Kart

Laster kart...