Dreng Brokka

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Dreng Brokka
Født: 23. mai 1904
Død: 28. april 1993 (88 år)

Dreng P. Brokka (fødd 23. mai 1904, død 28. april 1993) var bonde på Brokka i Oveinang og ordførar i Valle kommune frå 1963 til 1975. Alt i 1946 vart han vald inn i Valle kommunestyre for Bondepartiet. Han var formann i forliksrådet og likningsnemnda, medlem av skulestyret og jordstyret og fleire andre kommunale nemnder og råd. Han var og med i Aust-Agder fylkesting og i fylkesutvalet og han var skjønsmann, takstmann og domsmann.

I hans tid som ordførar hadde Valle kommune sterk vekst på grunn av kraftutbygginga, og Dreng P. Brokka arbeidde mykje med planane om å få til veg mellom Brokke og Suleskar. I hans tid vart barne- og ungdomsskulen bygd, soknehuset på Rysstad og samfunnshuset i Valle, Valle alders- og sjukeheim og fleire kommunale bustader vart og bygde i denne tida. Aust-Agder fylke bygde også husstellskule og yrkesskule i Valle i denne perioden.

Garden i Brokka overtok Dreng P. Brokka alt i 1943. Han var sterkt engasjert i skogsdrifta på garden han hogg tømmer og planta skog og fekk tid til å engasjere seg som formann i Valle skogeigarlag i 12 år.

Dreng P. Brokka var gift med Ingebjørg O. Brokka (fødd 18. oktober 1911, død 2. mai 1988). Bjørg Brokka Rike er dotter deira og overtok Brokka etter foreldrene. Han etterlet seg også barna Gunhild, Gyro og Haldis. Gravferda var frå Valle kyrkje måndag 3. mai 1993 klokka 12.

Kjelder[rediger]