Gjødselfabrikken (Flåt)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruinen etter gjødselfabrikken 27. desember 2025.

Gjødselfabrikken ved Flåt nikkelgruve i Evje var i drift frå 1. januar 1943 til slutten av 2. verdskrigen. Raffineringsverket AS innleidde eit samarbeid med Landbruksdepartementet. Det blei bygt eit anlegg for utvinning av apatitt til gjødselproduksjon. Flotasjonsanlegget var mest identisk med nikkelvaskeriet i gruva. Det blei tatt mykje reserveutstyr frå nikkelvaskeriet, som blei montert opp i apatittvaskeriet. Råstoffet var gruveslam frå Øvre slamdam. Det var eit halvfabrikata som blei produsert, såkalla Evje-fosfat. Det måtte sendast bort og foredlast til fullverdig kunstgjødsel ved Lysaker Kjemiske Fabrikker.

Kjelder

Kart

Laster kart ...