Geocaching

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein geocache-boks
Andre gonger er dei godt merkte

Geocaching er ei form for jakt på attraksjonar som er blitt svært populær etter at GPS vart vanleg å bruke blant folk flest. Aktiviteten går ut på å finne ein boks, «cache», som er lagt ut på ulike stader i natur eller på ein offentleg stad. For å finne den, går ein til ei nettside der attraksjonen er omtalt. Der får ein koordinatar til staden, og så er det bare å dra på tur. I boksen ligg loggbok der ein skriv at ein har vore på staden, og så går ein inn på nettsida når ein kjem heim att og rapporterer frå turen. Det kan og ligge minnegjenstandar i boksen, då kan ein ta den og legge i ein ny gjenstand i staden. Boksen er ikkje stor og er ofte gøymt litt, men på nettsida ligg informasjon som ein kan nytte for å finne boksen.

I Setesdal

I Aust-Agder var det sundag 13. november 2011 423 geocachar. Dei fleste var ved kysten, men det var om lag 20 nær Riksveg 9 i Setesdal og nokre på Brokke-Suleskarvegen. Lista nedanfor er ikkje komplett.

  1. Evjemoen militærleir (v/Fv 307)
  2. Evje (v/Rv 9 - nær Hotel Dølen)
  3. Syrtveit rasteplass
  4. Byglandsfjord stasjon
  5. Fånefjell (v/flott utsiktspunkt)
  6. Storestraum rasteplass (rasteplass der Rv 9 krysser Byglandsfjorden)
  7. Reiårsfossen rasteplass
  8. Hekni rasteplass
  9. Tveitetunet (museum i Valle)
  10. Honnevje rasteplass
  11. Gloppefossen
  12. Storetjønn rasteplass i Bykle (badeplass, rasting, avslapning)
  13. Bykle kyrkje
  14. Huldreheimen (bygdetun - med flott utsikt)
  15. Bykle rådhus
  16. Utsikt til Vatndalsdammen - Nord-Europas største steinfyllingsdam)
  17. Vatnedalsdammen
  18. Hegni (friluftsområde ved Hartevatn)
  19. Hovdenuten
  20. Hovden - Juvet

Eksterne lenker