Honnevje rasteplass

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Click on the flag for english version.

Honnevje rasteplass i august 2010
foto:Siri Johannessen
Gatekjøkkenet på Honnevje.
Foto: Harald Haugland
Plaskedammar finst her og.

Honnevje rasteplass vart bygd den tid Ånund K. Homme var kulturkonsulent i Valle kommune. Ein søkte SKAP-midlar og sette i gong arbeidet. Flinke folk var med, og ein brukte fantasien og tenkte praktisk for dei fleste brukargrupper. Det var svært godt samarbeid med Vegstellet, dei sette opp eit robust og moderne toalettanlegg for rasteplassar og skaffa rastebord og anna som var høveleg. Denne rasteplassen er blitt svært populær for vegfarande og det er ein del overnattingar i bubil. Det er ikkje meininga. Det er campingplassar både ovan- og nedanfor der ein kan overnatte: Flateland camping og bubilparken på Sanden Såre i Oveinang og Valle Motell og Camp i Valle sentrum, Kallefoss Hyttepark, Steinsland Camping og Tveiten Camping.

Gatekjøkken[rediger]

Sommaren 2012 fekk plassen i sommarsesongen eit nytt tilbod då Will van den Broek og Ron van Driel opna det åtte kvadratmeter store gatekjøkkenet «Bullseye».[1] Dessverre vart det bare ein sesong dei heldt ope.

Badeplassar og -anlegg[rediger]

Det er varierte badeplassar på Honnevje, frå plaskedammar til djupare stader i elva. Men ein laga ikkje til så folk kunne egne seg for nær farlege plassar. Det vart laga bruer, rekkverk, stiar og bålplass midt ute i elva, så det var sikkert for brann. Store steinbord og sitjesteinar vart funne, til stor glede for dei som stakk innom. Der er flytebrygger, og dei er tilgjengelege for rullestolbrukarar.

Prisar[rediger]

I 2011 vart Honnevje rasteplass kåra til årets NAF-rasteplass etter forslag av Frøydis Folgerø. I grunngjevinga heiter det: «En komplett rasteplass med tilgjengelighet som sin store styrke. Rasteplassens størrelse gjør at det er lett å slappe av og trekke seg litt vekk dersom du ønsker det. Plassen er også tilrettelagt for funksjonshemmede. Videre har Honnevje et moderne toalettanlegg, gode rastebord og ikke minst bademuligheter. Å kunne ta seg en dukkert under bilreisen kan være forfriskende både for sjåfør, voksne og barn. Vi anbefaler deg å stoppe i disse idylliske og naturskjønne omgivelsene.»[2]

Honnevje rasteplass fekk og ein pris frå Blomstrende Sørland.

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...


Språk: [[::Honnevje rasteplass|Norsk]]  • [[::Honnevje rasteplass/en|English]]