Hotel Dølen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hotel Dølen på Evje 2012

Hotel Dølen er eit hotell ved breidda av Otra, i Torvald Haavardstadsveg, på Evje. Det er eldste hotellet i Setesdal. Det vart bygt i 1921, på tomta etter eit tidlegare hotell frå 1887 som brann ned 9. oktober 1919. Ved sida av 12 hotellrom og a-la-carte restaurant, tilbyr hotellet lokale for kurs, møter og selskap. Innehavarar frå 2017 er Else Haugland og Øyvind Olsen.

Opningstider restaurant[rediger]

  • Mandag - torsdag klokka 15-21
  • Fredag og lørdag klokka 17-22
  • Søndag klokka 13-18 med søndagsbuffé

Nyare historie[rediger]

Frå 2004 var hotellet drive av Roar Sætre og Monika Sætre. Hotellet blei i deira tid svært populært på grunn av sundagsbuffetane, som kunne samle 2-300 gjestar. Dei hadde planar om å utvide hotellet, men i 2012 vart hotellet avertert for sal på grunn av sjukdom i familien.

I november 2016 blei det kjend at Øyvind Olsen og Else Haugland hadde kjøpt hotellet. Dei overtok frå januar 2017. 16. mars 2017 opna hotellet igjen, etter ei omfattande oppussing av 1. etasje. Dei 12 hotellroma i 2. etasje skulle etter planen pussast opp seinare på året.

Eldre historie[rediger]

Det var kjøpmann Johan S. Gundersen som fyrst sette opp hotel på Evje, i 1887. Han vart født i Kristiansand i 1839, og var son til kjøpmann John Gundersen. Denne hadde òg kjøpt Høie spinneri av Lilloe for 8000 spesiedaler i 1857. Fabrikken heldt fram med Lilloe som styrar, og var i slektas eige fram til Oscar Jebsen tok over i 1904.

Johan S. Gundersen flutte til Mosby i 1880 for å driva fabrikken på Høie, og han han dreiv samstundes med handel der. Han dreiv også landhandel på Kile og på Evje, med bakeri i tillegg. Etter at han hadde sett opp Dølen hotel, kjøpte han garden Nedre Lande i Grendi, og flutte seinare opp dit. Etter kvart vart Lande teke over av sonen Ragnvald, som igjen selde garden til Jon Løyland i 1930.

Hotellet som Gundersen hadde sett opp brann ned, men eit nytt hotel vart reist på same tufta. Dette er dagens hotel, som vart drive av Skibsrud i mange år. Seinare, på 1970-, 1980- og 1990-talet var Rolf Kr. Nilsen og Ingrid Nilsen eigarar.

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]