Fylkesveg 307

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Evjemoen med Fv-307 over den lange Evjemoensletta.

Fylkesveg 307 er vegen frå Verksmoen forbi Evjemoen til Bjorå i Evje og Hornnes kommune. Lokalt heiter han Bjoråvegen.

Vegen tek til i krysset ved Rv-9 (Setesdalsvegen) sør på Verksmoen, mellom Maskinsalg og Lantz Auto. Han passerer Trafikkstasjonen til Statens vegvesen og hovudkontoret til Setesdal Bilruter, før han går forbi den tidlegare militærleiren på Evjemoen over ei lang slette. Langs sletta går det sideveg inn til Evjemoen skyte- og øvingsfelt. Ved hovudporten inn til Evjemoen svingar vegen noko mot aust, og går forbi Bjoråvika ut til gardane på Bjorå. Ved Bjorå er det bru over Bjoråna.

Frå Rv-9 til hovudporten inn til Evjemoen er vegen asfaltert. Vidare ut til Bjorå er han grusveg.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...