Egså

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Egså er ein gard (gnr. 42) og ei lita grend aust i Åseral, inn mot grensa til Evje og Hornnes. Ein kjem til Egså ved å følge Fv-354 frå Kylland ca. 9 kilometer nord-vestover mot Flystveit.

Historie[rediger]

Dei første eigarane ein kjenner til på Egså er Gro Ulfsdotter og Eystein Thollakson i 1398. Så veit ein lite om garden fram til byrjinga av 1600-talet.

I 1916 nytta Åseral kommune forkjøpsretten, og kjøpte fleire gardsbruk som var på handel på Egså. Det var tale om eigedomar på ialt 16 000 daa, og av dette var ca. 13 000 daa produktiv skog. I mange år blei det drive mykje i skogen kvar vinter, og bygdefolk kom i arbeid.

I 1934 selde kommunen 4 000-5 000 daa av eigedomen til Vest-Agder landbruksselskap. Arealet skulle nyttast til bureisningsbruk. Fire ungdomar melde seg interesserte, og i åra før 2. verdskrigen vaks det opp fleire nye heimar på den gamle Egså-garden.

Segn[rediger]

Langs Egsåvatn låg den gamle ferdslevegen austover frå Kyrkjebygd og ytre luten av Åseral. Ved vatnet er det ei jettegryte 6-7 meter over vassflata. Det er vanskeleg å skjøna at her har vore elvefar. Jettegryta har fått namnet St. Olavs brønn.

Så seier segna:

« - Då heilag Olav kom ridande denne vegen, vart hesten hans tyrst, og kongen ordna då med denne brunnen på snaue berget så hesten hans fekk drikka. I nærleiken av Handelands-garden ligg «St. Olavs bord». Det er ein lang, flat stein som kongen nytta til matbord på same ferda.»

Kjelder[rediger]